Vårt verdigrunnlag

Vi er eit lag frå ulike delar av universitetet, frå ulike fagområde med ulike måtar å undervisa og forska på, med breie og varierte leiarerfaringar. Det gjer at vi samla har svært god innsikt i fagmiljøa, studentane og forskarane sin kvardag.

Vi har brukt dei siste månadene på å diskutera sentrale universitetspolitiske spørsmål. Det som primært samlar oss som rektorat er sterkt engasjement for universitetet si heilt sentrale rolle i samfunnet, og eit ønskje om å verna om universitetet sine grunnleggande verdiar i ei tid der dei er under press, nasjonalt og internasjonalt. Dette ligg til grunn for vår leiingsmodell og -filosofi.

Universiteta har ei unik rolle i samfunnet. Vi forvaltar og utviklar uavhengig kunnskap. At forskinga er uavhengig, er heilt grunnleggande for samfunnsutviklinga og for kvaliteten og tilliten til kunnskapen vi skaper. Akademisk fridom kombinert med god, fagleg leiing av institusjonane, tufta på viktige universitetspolitiske verdiar og forståing av universitetet si rolle i eit samfunn i endring, er den beste måten å sikra dette på.

Team Hagen går sterkt inn for universitetsdemokratiet. Eit vald rektorat hentar legitimiteten sin frå veljarane, frå kollegaene og studentane. Oppgåva for eit rektorat handlar om å leggja til rette for gode strategiske og demokratiske prosessar i organisasjonen, og arbeida for at institusjonen får gode rammer og vert styrkt. Dei mange vegvala og prosessane vert utvikla i samarbeid med fagmiljøa og vert gjennomført av ein kompetent administrasjon med god forståing av faglege mål.

Vald rektor inneber at institusjonen vert styrt av eit rektorat i samspel med ein godt kvalifisert administrasjon med universitetsdirektøren i spissen. Dette gjer rektoratet sterkare fordi det på denne måten kan konsentrera seg nettopp om fagleg leiing og den faglege utviklinga av den fulle breidda av fag som er på ein institusjon som Universitetet i Bergen.

Ei valplattform er ein lovnad. Den er ikkje uttømmande, den skildrar ikkje alle delar av institusjonen og alle aktivitetane som føregår på UiB. Nokre av tiltaka er konkrete, andre er overordna. Plattforma syner først og fremst ei universitetspolitisk retning. Vi gler oss til å utdjupa løfta i plattforma i møte med dykk i ein valkamp.